AV/ Foto: Politiet
- Saken er omtalt/delt på facebook-siden
BANEHEIA-SAKEN: No sit gjenopptakelseskommisjonen i eit to dagar langt møte for å diskutere kravet om gjenopning av Baneheiasaka. Kvifor tek det så lang tid, og kva skjer dersom saka blir gjenopptatt? Kommisjonen som skal avgjere om Viggo Kristiansen skal få saka si opp på ny sit no i eit to dagar langt
møte. Også denne gongen er det uklart om det kjem nokon konklusjon. Det er ei omfattande sak, seier kommisjonsleiar Siv Hallgren til NRK. Viggo Kristiansen og Jan Helge Andersen blei i 2001 dømdefor valdtekt og drap på to jenter i Baneheia. Kristiansen blei dømd til 21 års forvaring, medan Andersen blei
dømd til 19 år i fengsel.Andersens DNA blei funne på åstaden. Han har tilstått, har sona ferdig, og slapp ut av fengsel i 2016.Kristiansen har heile tida nekta. Det finst ingen tekniske fellande bevis mot han. Han har prøvd å få gjenopna saka ei rekkje gonger. Det er det sjuande gjenopningskravet som no er til vurdering.
Det er fem medlemmer i Kommisjonen for gjenopning av straffesaker. På ei rekkje møte det siste året har kommisjonen vege for og imot.Vilkåret for gjenopning er nemleg at det må kome fram vesentlege nye opplysningar som kan føre til frifinning eller lågare straff for Viggo Kristiansen.Dersom kommisjonen meiner det er grunnlag for å gjenopne saka er det tre alternativ:
- Det blir ei heilt ny lagmannsrettssak i ein annan domstol enn den som avgjorde saka i 2002. Det blir vitneforklaringar, bevisframlegging, og prosedyre før retten avgjer om Kristiansen skal dømmast på ny eller bli frifunnen.
- Påtalemakta kan innstille på at det blir avsagt frifinnande dom utan forhandlingar i retten.
- Saka blir gjenopna, men Viggo Kristiansen kan trekke oppmodinga heilt fram til, og under ny hovudforhandling. I så fall blir dommen ståande.
Viggo Kristiansen blei dømt i to rettsinstansar etter ei samla vurdering av bevis og indisium. Det mest sentrale momentet var tilståinga og forklaringa til kameraten Jan Helge Andersen.Viggo Kristiansen er dømd til 21 års forvaring. Det inneber at påtalemakta i løpet av kort tid også må avgjere om dei meiner det er grunnlag for å
forlenge forvaringa.Vilkåret for å forlenge er at påtalemakta meiner at Kristiansen framleis er ein fare for samfunnet.I gjenopningskravet og i bok, podkast og TV-serie blir det reist sterk tvil om grunnlaget for dommen. Viggo Kristiansens advokat Arvid Sjødin skriv at Jan Helge Andersen har drepe og valdtatt dei to jentene åleine.