Kva skjedde med Odin og kvar er han?

AV/    Dan Yngve Jacobsen, Ingunn Hagen / Hvor er Odin?   Foto/    Privat

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kva skjedde med Odin og kvar er han?

 

 

 

 

 

Då sonen vår Odin forsvann i 2018 hadde politiet allereie tidleg ei hypotese om at han var hamna i vatnet. Denne teorien blei gjenteken, sjølv om det verken dukka opp noko kropp, klede i vatnet eller noko anna som kunne bekrefta hypotesa. Politiet unnlèt òg å sikra seg overvakingsbilde frå hamna, noko som kanskje kunna ha gitt eit betre svar på kva som skjedde med Odin, dette på tross

 

 

TIPS OSSIDAG: [email protected]  – eller facebook

 

 

av at vi pårørande insisterte sterkt.Mange personar gjekk endåtil i fakkeltog for at politiet skulle prioritera overvakingsbilda. Materialet blei som kjent først sikra då serveren skulle byttas ut, og med overspeling i fleire månader, var det meste av overvakingsbilda no overskrive og umogleg å gjenskapa. Fordi politiet meinte å ha «svaret» på korleis Odin forsvann, lòt dei også vera å undersøka tips

 

og spor som kanskje kunne ha avkrefta hypotesa om drukning.No når saka er henlagt har media fått innsyn i politiet si etterforsking og sluttrapport. Sidan media er avhengig av politiet som kjelde i nye saker, blir det oftast at media er lite kritiske til politiet sitt arbeid og framstillingar. Fordi sluttrapporten inneheldt mange feil, kom vi foreldre til dømes med eit notat med skriftlege innvendingar til politiets

 

sluttrapport som ikkje er nemnt med eit ord.I staden for å innrømma at dei faktisk ikkje veit kva som skjedde med sonen vår, teiknar politiet eit bilde av Odins forhold til rus og psykiske helse som vi foreldre ikkje kjenner igjen. Knytt til desse områda har vi som kjente Odin best påpeikt fleire konkrete feil og mistolkingar i politiets framstilling. «Blame the victim» verkar å vera politiets strategi for å

 

«vaska» eige omdømme, sjølv om dei innrømmer at dette ikkje forklarer forsvinninga.At Odin var utsett for truslar rett før han forsvann var vi foreldre dessverre ikkje klar over. Vi skulle sjølvsagt ønska at han hadde fortalt oss om truslane. Då kunne vi kanskje ha hjelpe han. Men ungdom deler gjerne ikkje alt med foreldra sine, noko mange av oss hugsar frå eiga ungdomstid. Dessverre har politiet valt

 

 

LES ÅGSÅ:   Saken er henlagt – men hva så?

 

 

å benekta og bagatellisera desse truslane, heller enn å undersøka dei nøye. Kanskje er dette noko media skulle undersøka nøyare?Vi foreldre er kritiske til politiet sin bruk av kjelder, og skulle ønska at dei avhøyrde folk som kjente Odin godt heller enn mange perifere kjenningar. Vi er også skuffa og fortvila over kva politiet unnlèt å gjera i «Odin-saken». Både bistandsadvokaten vår og den politi fagleg

 

sakkyndige vi hyra påpeikar fleire feil og manglar i etterforskinga, og viser til mange ubesvarte spørsmål i saka. Men våre og deira innvendingar har lite betydning når Statsadvokaten og Riksadvokaten støttar politiets framstilling. Når media nokså ukritisk baserer seg på politiets versjon, kjenner vi oss nokså makteslause.Både politiet og media har gjort mykje arbeid i sine respektive roller i «Odin-saka».

 

Likevel er vi i dag mest opptekne av dei ubesvarte spørsmåla som står igjen. Druknings-statestikk frå dei indre vannvegane i Trondheim viser at folk som hamnar i vatnet blir funne. Unntaket er Odin. Derfor tillèt vi oss å minna om at saka per i dag ikkje er avklart: Vi har slett ikkje fått svar på spørsmåla om kva som skjedde med sonen vår og kvar han blei av. Det trur vi at dei fleste pårørande ville ha «gått gjennom eld og vatn» for å få svar på, om dei var i vår situasjon.
Ingunn og Dan

Denne bloggen drives av NorgeOgVerdensNytt. En midlertidig nyhetsplass til ny nyhets-redaksjon-side/domene er på plass. Tidligere har vi hat en suksess nyhetsside/blogg med flere tusen lesere/følgere. Vi håper på ny suksess: [email protected]
Posts created 6495

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Related Posts

Begin typing your search term above and press enter to search. Press ESC to cancel.

Back To Top